
Prosjekt
Aktive prosjekter
SOLO
Som soloutøvar arbeider Ingebjørg med a cappella-konsertar der tekstformidling, dramaturgisk form og musikalsk breidde står sentralt. Repertoaret er i hovudsak henta frå tradisjonen i Telemark, men ho brukar òg eigne melodiar og tekstar. Konsertane kan vere bygde rundt ulike tema, som mennesket og havet, mellomalderballadar og Draumkvedet, eller vere kortare møte med favorittsongar og historiene og anekdotane som høyrer til.
I 2020 gav ho ut soloplata Klokkur som ringjer deg heim, med tradisjonssongar frå Seljord. Ingebjørg er også oppteken av å dele songtradisjonen vidare. Ho held jamleg kurs i norsk folkesong og tradisjonell song for både barn og vaksne.
Ingebjørg kvedar og fortel. Spesiallaga konsertar der viser og stev vert knytt saman med anekdoter om livet før og no. Desse konsertane tilpassas kvart enkelt høve. I juni 2020 gav Ingebjørg ut soloplata Klokkur som ringjer deg heim , med tradisjonssongar frå Seljord. Alt frå mellomalderballader til politiske viser frå 80-talet (dikta på ein gamal melodi).
Ingebjørg framfører også ein tematisk konsert om Havet, og menneska sitt forhold til det, både som noko vakkert, livsnødvendig, vilt, og farleg. Ho syng også Draumkvedet, og Soga om Guro Heddelid solo.
Ingebjørg likar også å gje vidare, og held gjerne kvedarkurs for både vaksne og born, og innføring i folkemusikk for studentar og andre.
ÅSMUND FREGDEGJEVA
I soloframsyninga Åsmund Fregdegjeva blandar Ingebjørg forteljarkunst og kvedarkunst. Åleine på scena syng ho fram historia om mellomalderhelten Åsmund Fregdegjeva, som seglar over havet til Trollebotn for å redde ei jomfru og møte gygrer, troll og andre magiske skapningar.
Gjennom song, forteljing, projeksjonar og ljosskift blir publikum tekne med på reisa hans over havet og fram til møtet med den fryktelege Skomegygri og hæren hennar. Framsyninga er på norsk.
Regi: Aslak Moe
Ljos: Jan Neal Holden
Projeksjon: Henrik Koppen

Reitir – Burns på dialekt
I Reitir – Burns på dialekt blir Robert Burns sine kjende dikt framførte i norske dialektomsetjingar, til dei originale skotske folkemelodiane. Musikken er arrangert for to vokalistar og blir blanda med skotske feleslåttar.
Medverkande er Ingebjørg Lognvik Reinholdt og Åsmund Nordstoga på vokal, den skotske felespelaren Sarah Jane Summers, Juhani Silvola på gitar og Morten Kvam på bass.
AUROM
AUROM, tidlegare IMOG, er ein eksperimentell vokaltrio med Ingebjørg Lognvik Reinholdt, Malin Alander og Guro Utne Salvesen.
Musikken tek utgangspunkt i improvisasjon, utforsking av tonalitet og samsong i trioformat. Tradisjonelle folkesongar fungerer både som grunnlag for arrangement og som inspirasjon til eigne komposisjonar.
Trioen arbeider i skjeringspunktet mellom folkemusikk og samtidsmusikk, med stor vekt på klang, leik og det som oppstår i møtet mellom tre røyster.

Jul i Nord
Jul i Nord er eit juleprosjekt med Ingebjørg Lognvik Reinholdt, den nordnorske toraderspelaren Hilde Fjerdingøy, den svenske felespelaren og songaren Hanna Andersson og kontrabassist Morten Kvam.
Konserten tek utgangspunkt i tradisjonsmateriale frå Helgeland og Nord-Noreg, med særleg vekt på musikk, forteljingar og skikkar knytte til jula. Publikum møter både kjende og kjære julesongar, bortgløymde juleskattar, skjøre salmetonar, stemningsfulle melodiar og drivande dansemusikk frå den gamle julefeiringa.
Gjennom song, toradar, fele og bass blir musikken fletta saman med forteljingar om overtru, tradisjonar og juleskikkar. Resultatet er eit varmt og stemningsfullt pusterom i adventstida, med både ro, humor og musikalsk energi.