Ingebjørg Lognvik Reinholdt is a norwegian folk singer known for her warm, clear voice and love of storytelling through song. She grew up in the small village Seljord in Telemark, surrounded by mountains and a lake with a fabled sea serpent. There she learned local folk songs from the local bus driver Ragnar Haugstøl, from the age of 7. She was the only folk singer in Seljord under 40 her whole upbringing. From then on she has sung folk songs and other songs for kings and kindergarten kids, on theatre stages, with bands like Reitir and Jul i Nord, been in the vocal duo Fivil and now the trio Aurom. But she always comes back to the roots, performing alone with a song and a story that has stood the test of time.
Ingebjørg is educated in cultural history and folk music at the University of South-East Norway, and has a masters in performance from The Norwegian Academy of Music. She also loves having seminars and teaching sessions from everyone from beginners to her fellow folk music nerds.
_____________________________________
Ingebjørg Lognvik Reinholdt er ein kvedar frå Seljord i Telemark. Mens andre ungar høyrde på Michael Jackson og dansa til Scatman, gjekk seks år gamle Ingebjørg opp til Ragnar Haugstøl og lærde seg gamle Seljordsviser. Sida den gong har ho kveda, sunge viser, dansa, vært med i teateroppsetningar, heldt konsertar og kurs, samt fordjupa seg i folketradisjonane. Ho syng alt frå freidige stev til mørke middelalderballadar. Ho syng til og med moderne musikk, men då helst med ein liten folketvist. Gjennom utdanninga har ho opparbeida seg ein rik kunnskap om kulturhistorie og sangtradisjonar i Noreg. 20 år med formidling har satt sine spor og sjølv om ho kanskje ikkje dansar som Jackson, så stevjar ho minst like bra som Scatman
Ingebjørg kan opptre aleine og med band. Ho har ferdigsydde konsertar som blant anna ”Soga om Guro Heddeli”, ”Songen om havet” og ”Draumkvedet”. Ho held konsertforedrag om Noregs musikktradisjonar og tilpassar innhaldet etter publikum og plass. Ingebjørg syng på festivalar, på små og store scenar, i gravferder, i bryllaup, på kulturarrangement og andre lag som treng ein tone. Gjennom kurs lærer ho bort folkesong og forteljingsglede til liten og stor.
Ingebjørg forelska seg tidlig i korleis folkemusikkens humoristiske, vakre og mørke skildringar fangar livet i all sin galskap. Både livet no og livet då, uløyseleg knyta saman.
Dette ynskjer ho å gje vidare.
Folkesangens enkle og reine format skapar ein ro som er sjelda å finne i dagens støyande samfunn. Freden ein folketone skapar kan ikkje gjenskapas eller masseproduserast. Den skjer her og nå. I tråd med dette er Ingebjørg opptatt av ei rein og tydeleg formidling. Det skal være lett å forstå, morosamt og berikande å høyre på Ingebjørg. Ved å knyte dåtida til nåtida kan publikum kjenne seg att og la seg rive med. F.eks. er Guro frå Heddeli eit middelalderens svar på Celina Midelfart, og sommarstøylen den tids jentetur til Aya Napa. Bytt ut shopping med mjølking.
Og nøkken kan jo vere verkeleg. Men han kan også vere ein måte å forstå menneska sine destruktive sider. Visene framførast med ein bakhistorie, som skildrar korleis det var og korleis det er. Gjerne med ein underholdande og humoristisk tone, der det seg sømer.